Hjortejakt!

Kvar haust den 10. september setter hjortejakta inn, og uansett kor bestemt og motivert eg er for å trene og komme i form til jakta, så sliter eg meir og meir år for år med å få det til.

Dette året (2007) vart ikkje noko unntak, starta så flott på vårparten med nokre turar på Brandsøyåsen. Så kom "Vestlandssommaren" i juli og august, og turen over dørgåtta vart så alt for lang.

Om jakta er slitsam, så oppveier den sosiale biten mykje av det. Det er utruleg kjekt å treffe naboar og familie i denne settinga. Vi har det skikkeleg sosialt og kjekt på jakta, og da får det våge seg att alle jaga vi går startar med ein lang motbakke og føregår i til tider ulendt terreng.

 

Hjortekjøt er ein delikatesse som eg kan anbefale på det sterkaste. Heilstekt hjortefile med soppstuing, grønsaker og viltsaus er vel ein  favoritt, men hjortegryte kommer ikkje langt bak.

Kommer til å legge ut nokre av favorittoppskriftene mine på hjort etter kvart som eg får tid.

 

 

Her har vi fått ein skikkeleg storfangst første helga vi jakta.


Å dra hjorten ned til vegen er eit blodslit,

Her tar vi ein velfortent pust i bakken, det skarpe lyset er faktisk Solskin.

Matpause halvvegs i jaget.

Her tar vi ut vomma før vi drar hjortekalven ned frå fjellet.

It's a dirty jobb, but someone's gotta do it.

Her er vi fremme ved liggaren og tar oss ein pause før heimturen.

Utsikta er upåklageleg,, her ser vi ned i Grøndalen.

Rypejakt på Sundalsfjellet